#315 søn. 5/11 kl. 19.00 kr. 120 / 60
Alexander von Schlippenbach - piano
Dag Magnus Narvesen - slagverk
Alexander von Schlippenbach (f.1938) er ein av initiativtakarane og innovatørane til progressiv jazz musikk i Europa. Han er og har vore retningsgjevande på den europeiske improvisasjonsscena sidan 60-talet og er for ein tungvektar å rekne. Tonespråket hans vandrar mellom abstrakte klangflater til jazztradisjonen frå Thelonius Monk og Eric Dolphy. Ein utruleg innovativ improvisatør, med klare røter til der alt byrja.
Dag Magnus Narvesen (f.1983) er ein spennande musikar frå den norske jazzscena. Han har markert seg både som improvisatør og komponist gjennom band som DAMANA, Kitchen Orchestra og Sasquatch, og har knytta sterke band med den europeiske improvisasjonsscena i dei siste åra. Tonespråket hans er eit rikt eitt, med extended techniques hand i hand med det perkusive universet frå jazztradisjonen.
Saman speler dei improvisasjonsmusikk med intrikate syklusar og fraser som flettar seg saman på ein unik måte. Musikken engasjerer og utfordrar både lyttarane og musikarane på ein utruleg spennande måte.
Mer info og lydeksempler: http://dagmagnus.com/projects/schlippenbachnarvesenduo.html